Gjesteblogg: Innbokskontroll på ein IB-skule

Eg går på ein internasjonal internatskule i Costa Rica kalla United World College. Her er e-postflaumen enorm. E-post vert brukt i alle fag og alle aktivitetar. Dagleg får eg rundt 20 e-postar av ulike slag tilknytta skulen. Nokre er viktige for meg, andre fullstendig irrelevante. Eg får for eksempel tilsendt lekser frå lærarar, informasjon om møter og andre viktige beskjeder. Samtidig får eg ofte massesendt e-post om savna kalkulatorar eg ikkje har sett og fag eg ikkje tek. Om ikkje eg passar på svømmer innboksen min over av informasjon det vert vankeleg å halde styr på. Takka vere innbokskontroll klarer eg likevel å få oversikt over det meste.

Konsekvensane av mangel på kontroll over innboksen ser eg ofte blant mine medelevar. Dei kjem for seint til møter, gløymer av skulearbeid og går glipp av viktig informasjon. Dette er områder eg, takka vere innbokskontroll, tør påstå er ganske god på. Teknikken med innbokskontroll har eg forsøkt å lære vidare til enkelte av mine medelevar. Mange ser på det som eit uoverkommeleg prosjekt, då dei har tusenvis av e-post i innboksen frå før. Men av dei som forstår potensialet, og som tek seg bryet med å rydde innboksen (rekord til no er ein med over 5000 redusert til 0) har eg fått svært positiv tilbakemelding. Dei meistrar rett og slett kvardagen betre.

Frå campus, UWC Costa Rica

Frå campus, UWC Costa Rica

Eg brukte gmail før eg begynte på skulen, og i år gjekk heile skulen over til ei gmail-løysing der kvar elev har si eiga e-postadresse knytt til skulen. Då alle satt med nye, tomme innboksar var det lettare å overtale dei til å forsøke systemet. Det fungerer jo også svært godt på gmail, noko som gjorde det lett for meg å spreie budskapet.

Og ja, om nokon skulle lure, er eg dattera til Jørn og har levd med maset hans om innbokskontroll ganske lenge 😉